top of page

Historier

15.03.19

UNG I BOTSHABELO- MØT DANIEL

Bjørg Eli Eide besøkte nyleg Botshabelo for å lære meir om korleis familien Cloete arbeider for å gi barn og unge ein god oppvekst og moglegheit til å stå på eigne bein når dei blir vaksne.  Ho intervjua unge vaksne som har budd i Botshabelo frå dei var små. Dei fortel om kva barneheimen har betydd for dei, og dei deler draumane dei har for framtida. I dette intervjuet får du møte Daniel Gabolekane.

Eg er 26 år og kom hit til Botshabelo då eg var 12 år. Eg kom saman med ei eldre søster som bur i landsbyen, og ein bror. Eg har fullført skulen her til og med 9. klasse, men eg har lærevanskar, så high school (vidaregåande) blei for vanskeleg for meg.

 


Eg flytta ut frå Botshabelo i ca. 1 ½ år, men det gjekk ikkje så bra. Det skjedde mykje dumt som eg angrar på, men eg lærte nok ein del. Flytta tilbake hit i 2014. Det er trygt her, og me blir passa på, me som bur her. Marion har vore til god hjelp for meg heile tida. 


Eg arbeider her, og gjer ein del praktiske oppgåver saman med Leigh. Og så passar eg på Ethan, sonen til Leigh, når han ikkje er i barnehagen. Det er ein fin jobb, men ganske så travelt. Full fart heile tida. Eg gjer masse forskjellig, - som gravearbeid, fiksar røyr og målar - berre for å nemne noko. Leigh er sjefen og gir meg oppgåver. 


Eg har mitt eige rom no, og har det fint her. Her er det trygt og godt å bu. Eg har ein kjærast som eg har vore saman med eit par år. Ho bur ikkje her, og går på college. Eg har håp for framtida. Eg vil gjerne byggje meg hus i landsbyen, og vil gjerne ta lappen så eg kan få fleire jobbar også utanfor Botshabelo. 

6_Daniel Gabolekane.jpg

Daniel Gabolekane

Foto Bjørg Eli Eide

BJØRG ELI EIDE

bottom of page