for
BOTSHABELO
Historier
12.06.18
UNG I BOTSHABELO- MØT LERATO
Bjørg Eli Eide besøkte nyleg Botshabelo for å lære meir om korleis familien Cloete arbeider for å gi barn og unge ein god oppvekst og moglegheit til å stå på eigne bein når dei blir vaksne. Ho intervjua unge vaksne som har budd i Botshabelo frå dei var små. Dei fortel om kva barneheimen har betydd for dei, og dei deler draumane dei har for framtida. I dette intervjuet får du møte Lerato Dlamini.
Eg er 20 år og kom til Botshabelo i 2005, då eg var 5 år. Eg kom saman med tvillingbroren min Owen, som òg bur her enno. Seinare kom ei yngre søster. Det var tante som kom hit med oss, for mor kunne ikkje ta vare på oss. Det var godt å kome til Botshabelo, sjølv om det var ein stor overgang. Her var det mange born å leike med, det var tryggleik og framfor alt masse kjærleik.
Det har skjedd mykje i livet mitt etter at eg kom hit. Eg er mor til ei jente som snart blir to år, Kessie. Ho betyr alt for meg, men òg for mange andre her. Men eg er ikkje saman med faren hennar, sjølv om han bur her ein del. Det er vanskeleg å forklare, men det er ei anna historie… Eg får svært god hjelp til å passe på dotter mi her, og ho bur no hos Marion. Eg hjelper Marion i det daglege i huset hennar, og ho gir meg god hjelp med Kessie når ho ikkje er i barnehagen.
Eg går no andre året på high school (vidaregåande skule). Eg har fag som historie, geografi, turisme, samfunnsfag, engelsk, setswana (morsmål), matematikk, naturfag. Eg trivst på skulen, sjølv om enkelte fag kan vere vanskelege. Me får god hjelp av Marion med lekser, og det blir greitt planlagt slik at me har nokre færre plikter dei dagane me går på skulen.
Saman med fleire av dei andre ungdommane er eg med i management (leiinga), og har vore med der sidan eg var ferdig på skulen her i Botshabelo. Der har eg blant anna ansvar for å ha oversikt over kva borna treng, som klede og sko og så bortetter. Eg likar å jobbe med borna; å leike med dei og sjå etter dei. Sissy er god støtte og hjelp, og ho hjelper meg med planlegging av arbeidet, og er på ein måte sjefen min.
Nett no er det få større born og ungdom her, og det vil seie at me som er størst, får meir å gjere, og har meir ansvar. Det er mange små ungar her, men eg synest det er meir utfordrande å passe på og sjå etter dei som er halvstore.
Det er elles ei god støtte for meg at tvillingbroren min Owen er her. Me har eit nært forhold og kan snakke om nær sagt alt. Sissy og Mapule er òg nære venner, og me deler både gleder og sorger.
Når det gjeld planar for framtida, vil eg gjerne på college viss eg klarar å kvalifisere meg. Kanskje eg vil bli elektroingeniør, men kanskje matematikken blir for vanskeleg… Eg har òg tenkt på at flyvertinne kunne vere ein fin jobb; få reise mykje og sjå seg rundt i verda. Det er ikkje sikkert noko av dette er realistisk, men eg kan jo drøyme om det.
Frå tid til anna har eg tenkt ein del på å forlate Botshabelo og stå på eigne bein. Samstundes vil eg gjerne bygge meg hus og slå meg ned her. Det er store og vanskelege val. Men til sjuande og sist er det jo dette, Botshabelo, eg kallar heime. Det er her eg kjenner meg trygg og har den store familien min.
Det er mange som er viktige for meg her i landsbyen, men den aller viktigaste er nok Marion. Ho har lært meg utruleg mykje, og vore til fantastisk hjelp. Ho ikkje berre snakkar,- ho gjer. Og no prøver eg alt eg kan å følgje opp. «Practice what you preach.»
Lerato Dlamini. Foto Bjørg Eli Eide
BJØRG ELI EIDE