for
BOTSHABELO
Historier
19.02.2019
UNG I BOTSHABELO- MØT Mamorwesi
Bjørg Eli Eide besøkte nyleg Botshabelo for å lære meir om korleis familien Cloete arbeider for å gi barn og unge ein god oppvekst og moglegheit til å stå på eigne bein når dei blir vaksne. Ho intervjua unge vaksne som har budd i Botshabelo frå dei var små. Dei fortel om kva barneheimen har betydd for dei, og dei deler draumane dei har for framtida. I dette intervjuet får du møte Mamorwesi Marokwane
Eg er 26 år. Eg kom hit i 2002 saman med fire yngre søsken, to brør og to søstrer. På den tida budde me hos onkel og jobba for han. Eg gjekk ikkje på skulen. Onkel døydde, og me kom flyttande hit. Mor kom på besøk her etter eit par månader for å sjå korleis det gjekk med oss, og vart etter kvart buande her til ho døydde i 2005.
Då eg kom hit, byrja eg sjølvsagt på skulen. Eg har fullført high school (vidaregåande), og byrja på college, men eg har lærevanskar, så eg slutta då det vart for vanskeleg å følgje opp.
Eg har ei dotter på 3 år, og bur med henne i landsbyen, kor eg har eige hus. Der bur òg ei yngre søster av meg med tre barn. Det er litt trongt, men det går fint. Me er jo vane med tronge forhold her! Elles likar eg hagearbeid,- å plante og sjå blomar og anna vekse. Kan tenkje meg å jobbe i drivhus eller grønsakhagen her når me får den i stand.
Eg er med i management (leiinga) her, og har jobb i barneheimen. Eg vekkjer dei minste barna og passar dei til dei skal i barnehagen. Eg har òg ansvar for borna i 1. og 2. klasse om morgonen, og sørgjer for at dei kjem seg på skulen. Eg hjelper òg til kvar kveld dei dagane skulen er open.
Eg har prøvd å leve utanfor Botshabelo saman med ein kjærast, men han viste seg å ikkje vere ein god mann. Difor flytta eg etter kvart frå han og heim att til Botshabelo. Her vil eg gjerne bu!
Eg har god kontakt med Sissy og Lerato. Me passar på og støttar kvarandre.
Dette er ein flott plass å bu. Eg har mat og hus og blir tatt godt vare på.
Eg går til Marion med problema mine, små som store, og hos henne får eg terapi og anna hjelp. Utan henne veit eg ikkje kva eg skulle gjort. Ho er som ei mor for meg.
Eg har lært masse av å bu og leve her. Som kvinne har eg lært å ta vare på meg sjølv og ungen min. Det er ein særs viktig lærdom. Vidare har eg lært respekt for andre, det å ta imot og vise kjærleik og omsorg til andre. Eg passar på andre slik eg er blitt passa på.
Når det gjeld framtidsplanar, har eg lurt på å byrje på skulen att og skaffe meg ei utdanning, men eg vil også gjerne ha tid til å passe på barnet mitt. Det er eit vanskeleg val, men eg veit eg vil få støtte hos Marion og dei andre same kva eg vel.
Mamorwesi Marokwane.
Foto Bjørg Eli Eide
BJØRG ELI EIDE