for
BOTSHABELO
Historier
21.05.18
UNG I BOTSHABELO- MØT MAPULE
Bjørg Eli Eide besøkte nyleg Botshabelo for å lære meir om korleis familien Cloete arbeider for å gi barn og unge ein god oppvekst og moglegheit til å stå på eigne bein når dei blir vaksne. Ho intervjua unge vaksne som har budd i Botshabelo frå dei var små. Dei fortel om kva barneheimen har betydd for dei, og dei deler draumane dei har for framtida. I dette intervjuet får du møte Mapule Mashapa.
Eg er 25 år. Eg kom hit til Botshabelo i 1996, då eg var 3 år gamal, saman med to eldre søstrer og fire brør. Marion kjende til familien min frå før, og var til stades då mor døydde.
Eg har liksom alltid budd her. Eg har gått på skulen her til og med 9. klasse. Eg studerer allmenne fag (generics), hospitality (vertskap), helseservice og fotbehandling. Viss alt går etter planen og eg står i alle fag, er eg ferdig i desember neste år (2019.) Eg trivs best med praktisk retta fag. Eg ville gjerne studere, men opplever at eg strevar ein del med å lære meir teoretiske fag.
Som alle dei andre som går på skulen, får eg hjelp av Marion til lekser, oppgåver og øving til prøver og eksamen. Eg får litt tid til å lese om kvelden etter alle pliktene er ferdige.
Eg var med i «management» tidlegare her på barneheimen, men syntest det vart for mykje ansvar og vanskeleg å følgje opp. No er hovudoppgåva mi å hjelpe til i Leigh sitt hus, og ser til Sarah når dei som elles passar henne, har fri.
Elles har eg enno ikkje stifta eigen familie, og synest det er heilt greitt å vere fri og sjølvstendig. Eg tilhøyrer jo ein stor familie her, og det å vere saman med borna her set eg ekstra stor pris på.
Planane mine for framtida er eige hus her i Botshabelo, og eg har tilbod om tomt her, og får hjelp til å realisere dette gjennom Leigh.
Eg har følt eit sterkt behov for å vere uavhengig, å rømme bort herifrå og få meg arbeid ein annan stad. Desse kjenslene var sterkare før, og no kjenner eg meir på at det er vanskeleg å berre pakke saman og reise. Sjølv om eg veit eg kan det, så må eg i alle fall vente til andre kan ta over mine oppgåver her.
Men eg kan jo alltid drøyme …
BJØRG ELI EIDE
Mapule Mashapa. Foto Bjørg Eli Eide