top of page

Historier

25.01.19

UNG I BOTSHABELO- MØT OWEN

Bjørg Eli Eide besøkte Botshabelo for å lære meir om korleis familien Cloete arbeider for å gi barn og unge ein god oppvekst og moglegheit til å stå på eigne bein når dei blir vaksne.  Ho intervjua unge vaksne som har budd i Botshabelo frå dei var små. Dei fortel om kva barneheimen har betydd for dei, og dei deler draumane dei har for framtida. I dette intervjuet får du møte Owen Dlamini.

Eg er 20 år og kom hit i 2005 då eg var 5 år. Eg kom hit saman med tvillingsøster mi, Lerato, og har budd her sidan. Som dei andre her gjekk eg på skulen her i landsbyen til og med 9. klasse. No går eg siste året på high school (vidaregåande). Eg trivst på skulen, og likar fag som matte, historie og geografi. Eigentleg er alle faga ok. Eg vil gjerne gå vidare på college, og deretter studere til lærar. På endå lenger sikt kan eg tenkje meg å bli advokat. Eg vil seie eg er målretta og jobbar hardt med skulefaga. Eg søkjer òg om å få sertifikat.
Jobben min her er å passe på dei andre gutane. Eg ser til at dei vaskar seg og badar, at dei oppfører seg. Lærer dei å ordne opp i konfliktar sjølve. Elles jobbar eg ein del med vedlikehald.                                       

Eg er med i management (leiinga) her saman med ein del av dei andre ungdommane. Eg lærer mykje av det òg. 


Me er heldige som bur her. Dette er ein god plass, kor det er vaksne du kan stole på. Her får me nok mat,- fire måltid for dagen. 
Lærarane her bryr seg meir. Dei lærer oss å bry oss om framtida, dei gir oss råd, og er ikkje berre lærarar. I tillegg hjelper Marion oss med lekser og førebuing til testar. Ho lærer oss òg å bli meir sjølvstendige i å jobbe med fag,- eigentleg i alle samanhengar.  Me lærer praktiske gjeremål her som me har nytte av i praktiske fag på skulen.


Marion hjelper oss å finne ut av ting, å sjå moglegheiter. Om du har ein vanskeleg dag kan du gå til Magogo (Marion), og ho vil hjelpe deg å sortere tankar og kjensler. Eg går til Leigh viss eg treng verktøy og hjelp til praktiske ting, og ho har lært meg å bruke verktøy. Nicole hjelper oss med økonomisk rådgiving; prioritere kva me brukar pengane til. Ho hjelper oss òg med å oppleve verda utanfor. Både Nicole og Leigh lærer oss å setje pris på det vi får, og lærer oss framfor alt å takle framtida. Me er heldige som har givarar som kan gi oss klede og andre ting me treng. 


I det siste har eg sett mange fleire moglegheiter for framtida. I løpet av det siste året på skulen her er me gjerne på fleire turar, og me blir vist kva som er mogleg å få til, både når det gjeld arbeid og skulegang.


Eg vil gjerne takke Marion spesielt for at ho har lært oss å oppføre oss fint, behandle andre rettferdig og skikkeleg. Mange utanfor har ikkje same sjanse til å få slik lærdom. Det ser eg kvar dag. Framfor alt vil eg takke Marion for at ho «teaches us to be strong» (lærer oss å bli sterke).

4_Owen.jpg

Owen Dlamini. Foto Bjørg Eli Eide

BJØRG ELI EIDE

bottom of page