for
BOTSHABELO
Historier
06.05.18
UNG I BOTSHABELO- MØT SISSY
Bjørg Eli Eide besøkte nyleg Botshabelo for å lære meir om korleis familien Cloete arbeider for å gi barn og unge ein god oppvekst og moglegheit til å stå på eigne bein når dei blir vaksne. Ho intervjua unge vaksne som har budd i Botshabelo frå dei var små. Dei fortel om kva barneheimen har betydd for dei, og dei deler draumane dei har for framtida. I dette intervjuet får du møte Sissy Dlamini.
Eg er 24 år, og er eineståande mor for Zeus som snart er 4 år.
Eg kom til Botshabelo i 2005 saman med to brør. Då var eg 12 år. Seinare kom ei yngre søster også hit, så alle søskena vart samla her. Eg er nest eldst i søskenflokken. Me kom hit etter at Marion og Con hadde møtt ei søster av meg på sjukehus. Ho fortalde historia vår, og Marion bad dei komme til Botshabelo for å få betre forhold å vekse opp under, og det takka me ja til.
Ho blir tankefull når ho tenkjer på kva som kunne skjedd viss dei ikkje hadde kome hit.
Eg har gått på skulen i Botshabelo til og med 9. klasse. No går eg på college, og kursa eg følgjer no er ferdige i juni neste år. Eg studerer blant anna catering, management (leiing), tryggleik og ernæring. Undervisninga er både praktisk og teoretisk. Favorittfaget mitt er catering. Eg syns det er fint at me òg har praktiske fag, for det kan vere tungt med mykje teori. Dessutan har eg jo fått god trening i å gjere praktisk arbeid her, kor alle hjelper til med matlaging og reingjering, og alle får trening i å ha og ta ansvar.
Det er travelt å studere og vere åleinemor. Guten min går i barneparken (cresh) i Botshabelo. Meste parten av tida er han med andre. Tida eg har til studiar er når alle plikter elles er gjort og alle ungane er lagde, det vil seie frå ca. kl. 22. Eg klarer av og til å studere i to timar, viss eg ikkje er for trøytt. Elles har eg, saman med dei andre som går på skule, tilbod om ekstra undervisning og hjelp til lekser og oppgåveskriving og trening til prøver og eksamen frå Marion.
Sissy sin langsiktige plan er å bli lærar med engelsk som hovudfag, og ho kan gjerne tenkje seg å vere lærar på skulen i Botshabelo. Sissy har òg planar om å bygge sit eige hus i landsbyen, i nærleiken av skulen. Ho får hjelp til å planlegge og realisere planane sine hos Leigh og Marion.
Det som gjer at Sissy likar å bu og leve i Botshabelo, i tillegg til at ho kjenner seg trygg og det alltid er nokon å snakke med og støtte seg til, er det å vere saman med barn. Ho er van med å passe på yngre søsken, og har slik sett alltid hatt eit særskilt ansvar for barn.
Sissy er ein del av «inner core», den indre kjernen i Botshabelo, kor ho er med i «management» som har den daglege drifta av Botshabelo. Det er eit stort ansvar å ha, synest Sissy, og då særleg ansvaret for alle borna. Men det er givande, og Sissy opplever at ho no taklar å vere med å leie og ha ansvar. Og ho kjenner framfor alt eit særskilt ansvar for å bli verande og gi noko tilbake for alt ho har fått her: kjærleik utan atterhald, tryggleik, gode vener og trygge vaksne, tak over hovudet og mat på bordet.
Sissy samanliknar livet her med korleis det er å bu borte: Der er du heilt åleine, overlaten til deg sjølv. Her er eg ein del av den store familien. I tillegg til Marion, som er ein sjølvsagt morsfigur for alle, Magogo, har særleg Leigh alltid har vore der for meg, og har alltid hjelpt meg.
BJØRG ELI EIDE
Sissy Dlamini. Foto Bjørg Eli Eide