for
BOTSHABELO
Historier
30.03.19
SØSTRER – SISTERS
Sissy og Mapule om livet i Botshabelo
Bjørg Eli Eide besøkte nyleg Botshabelo for å lære meir om korleis familien Cloete arbeider for å gi barn og unge ein god oppvekst og moglegheit til å stå på eigne bein når dei blir vaksne. Ho intervjua unge vaksne som har budd i Botshabelo frå dei var små. Dei fortel om kva barneheimen har betydd for dei, og dei deler draumane dei har for framtida. I dette intervjuet får du møte to søstrer - Sissy og Mapule.
Me er bestevenner og kan snakke saman om ALT, og deler både gleder og sorger. Me er ganske forskjellige, - Sissy var mykje meir privat før, og heldt helst ting for seg sjølv. Ho deler meir no, medan Mapule gjerne deler det meste med mange.
Me er her for kvarandre, og støttar kvarandre. Det å støtte kvarandre er viktig, for det er jo eit stort ansvar å passe på så mange barn som enten ikkje har foreldre i live lenger, eller dei tilfella kor foreldra bur andre stader, men ikkje er i stand til å ta seg av borna sine i det daglege. Og det er alltid mykje som skjer med så mange born og unge å passe på, og ganske få vaksne som kan dele på ansvaret.
Dei fleste av ungdommane her tek ein tur ut, og bur og arbeider utanfor Botshabelo. Me blir jo oppmoda til det, for det er viktig lærdom, men dei fleste kjem tilbake på eit eller anna tidspunkt for kortare eller lenger tid.
Når me samanliknar oss med andre ungdommar, dei me treffer når me går på skulen eller er saman med elles, opplever me at me har lært grunnleggande og viktige verdiar. Som respekt for andre, vere høfleg, hjelpe og støtte andre, og løyse konfliktar utan vald. Me kjenner oss privilegerte som har det trygt og godt her me bur. Me har tak over hovudet, mat på bordet og alltid nokon å vere med. Alltid trygge vaksne som me kan be om råd og hjelp hos, både i små og store saker. Og me veit at her er me alltid velkomne, same kva me har opplevd eller gjort. Marion er tydeleg på at dette alltid vil vere heimen vår. Me opplever kjærleik utan atterhald i ein trygg og god heim. Klart det er mange problem her òg, men me finn ut av ting saman og hjelper kvarandre.
Me vil alltid vere evig takksame for det Marion og Con har gjort for oss. Og ikkje minst Leigh og Nicole, som no har hovudansvaret.
Kva tenkjer de om kjønnsroller og rollemodellar?
Sissy og Mapule er skjønt einige om at gutane treng å pushast for at dei skal gjere sin del av arbeidet. Dei er gjerne litt late, og tenkjer gjerne for mykje på fotball framfor plikter… Spørsmålet vekkjer mykje latter, og eksempla er mange.
Marion vert framheva som ein sterk og viktig rollemodell, men òg Leigh og Nicole er viktige inspiratorar og rollemodellar. Det er først og fremst kvinnene som styrer i Botshabelo, og dei er begge samde om at det klarer dei godt.
Sissy Dlamini og Mapule Mashapa.
Foto Bjørg Eli Eide
BJØRG ELI EIDE